Store Naa –
Gard 57 bruk 2
Garden har vore i slekta si eige sidan 10.10.1724. Då vart Store Nå delt i to jamstore bruk. Det er då Eirik Asbjørnson Aga som fekk gåvebrev av verfar (svigerfar) sin, Jarand Meland.
Hus og løer på bruk 1 og 2 var samla i eit klyngetun der bruk 2 har husa sine i dag. Alle teigane var oppdelte og dei låg om kvarandre, noko som kunne skapa noke ugreie gardbrukarane imellom. Etter utskiftinga i 1900 flytta bruk 1 alle husa ut av tunet, og bruka vart heilt delt.
Kårhuset vart bygd i 1850, våningshuset i 1937, ny løe i 1980 og kyllinghus i 1994. Etter Eirik er det 8 eigarar av bruket, og det er no Ingrid Nå Aga og Bjarne Aga som driv garden.
Generasjoner på Store Naa
1. Eirik Asbjørnson Aga (1693–1772) g.m. Torbjørg Jarandsdtr. Meland (1701–1764). | |
2. Asbjørn Eiriksson (1729–1807) g.m. Marita Larsdtr. Digranes (1731–1815). | |
3. Jarand Asbjørnson (1755–1826) g.m. Guro Helgesdtr. Ø.Bøvre (1751–1826). (Barnlause) | |
4. Asbjørn Larsson Strand (1797–1877,brorson) g.m. Pernilda Olsdtr. Ø.Bøvre (1790–1876). | |
5. Mikkel Mikkelson Lote (1819–1874) g.m. Guro Asbjørnsdtr. (1826–1896). | |
6. Asbjørn Mikkelson (1848–1901) g.m. Guro Vigleiksdtr. M.Bleie (1856–1930). | |
7. Mikkel Asbjørnson (1886–1967) g.m. Jorunn Larsdtr. Alvsaker (1886–1968). | |
7B. Asbjørn M. Nå (1911–1944) g.m. Ingeleiv Kvestad (1912–2006). | |
8. Mekjell Asbjørnson Nå (1942–) g.m. Vigdis Marie Johnsen, Kabelvåg (1946–). | |
9. Ingrid Mekjellsdtr. Nå (1966–) g.m. Bjarne Aga (1962–). | |
10. Eirik Nå Aga (1990–). |
Da har vore to husmannsplassar under bruket, Kaldavik og Naustlem’en. På naustlemen budde Jørgen Gunnarson Hjøllo og Gjøa M. Kvestad saman med 10 ungar. Dei budde «i svært tronge kår».
I Kaldavike var det Jakob Larsson Bakke som budde med familien sin. Seinare overtok Anna M. Nå og Ragnvald Bleie huset.
Dagens odelsgut (Eirik Nå Aga) kjøpte tilbake Kaldavik i 2018 og bur der i dag, som ein forlengelse av garden.
I 1899 vart det bygd eit nytt meieri på garden. Meieriet tok i mot mjølk frå heile Vikebygd. Fram til 1940 åra vart da laga ost her men etter krigen vart mjølka berre vege, samla i større spann og sendt med båten til Odda.
Meieriet brukte kol til å fyra med for å laga damp. Dampen vart så brukt i oste produksjonen. Restane etter koks og kol vart køyrt til “kolasvingen” som svingen vert kalla den dag i dag.
Gardsbruket har over tid forandra seg, men fruktdyrking og husdyrhald har til alle tider eksistert. Ein kan frå gamle bøker lese at det på byrjinga av 1950-talert var 7 sauer, 1 gris og 150 epletre, morelletre og plommetre. På midten av 1990-talet var det 7500 kylling og 1500 epletre, morelltre og plommetre.

“Er middelmaadig jord til ager og eng og ingen anden lunder dertil.”
— Jordebok 1626, Store Naa

“Har humlehage og ei lita flaumkvern. Ingen annan herlegdom.”
– Matr. 1667